Hopp til innhaldet

Velkomen til nye språknettsider

NRK-språket, sprak.nrk.no, vart lagt ut heilt på tampen av 2014. Sidene er under utvikling, og vil bli utvida utover i 2015.

NRK-språket er ei samling av retningsliner for språket i NRK + tips og råd til journalistane våre.

Ordliste for munnleg språk

Norsk er blant dei få europeiske språka som ikkje har ein offisiell og korrekt måte å snakke på. I dei fleste andre land finst det eit offisielt vedteke talemål, der uttale m.m. er normert.

I språkreglane for NRK står det bl.a. «I nyheitssendingar og programinformasjon skal programleiarar og annonsørar bruke offisielt bokmål eller nynorsk.» Det er NRK sjølv som fastset kva som er offisiell uttale av bokmål og nynorsk.

NRK har laga ordsamlingar, bøker og hefte om talemålsnormering heilt frå starten i 1933. Ein del av det nyare materialet er no samla og digitalisert, og er tilgjengeleg her på sprak.nrk.no.

I skrivande stund ligg det rundt 3000 ord i ordboka her på sprak.nrk.no. Det er for det meste uttale av norske og utanlandske stadnamn, i tillegg til at vi har lagt ut Musikalsk uttaleliste.

Kvifor er sidene tilgjengelege eksternt?

Tidlegare har språkreglar, retningsliner, tips og råd berre vore tilgjengeleg internt i NRK. Vi har hatt språksider på intranettet Torget, det har vore samlingar av lydopptak, kartotekkort på papir (!) og ein haug lokale uttalelister og språkreglar på distriktskontora.

Vi ynskjer no å samle alle desse ressursane og dele dei med resten av landet. Mange er opptekne av språket i NRK, og vi håpar at fleire vil ha interesse av innhaldet på sprak.nrk.no.

Delar av nettsidene vil vere sperra for alle utanfor NRK. Dette gjeld særleg ein del internstoff, pågåande diskusjonar m.m.


Fleire meldingar