Hopp til innhaldet

Nordmann bortført i Syria

I samband med at ein nordmann er teken av IS i Syria, minner eg om at NRK skal bruka norske ord og omgrep så langt som råd, jf. språkreglane pkt 2.4.

NRK bør bruka «bortført» framfor «kidnappa». Vi kan òg gjerne bruka teken til fange, halden som gissel og andre måtar å fortelja om saka på.

Det har vore litt diskusjon om kva dei to orda -kidnapping» og «bortføring» faktisk betyr, og ordbøkene gjev ikkje eit eintydig svar.
Språkrådet seier fylgjande:

– kidnapping: ei bortføring det er knytt visse krav til. Det treng ikkje vera krav om løysepengar, men kan like gjerne vera andre krav.
– bortføring: ein person ført bort i løynd eller med makt. Det treng ikkje vera krav knytt til bortføringa.


Fleire meldingar