Hopp til innhaldet

Engelsk på norsk

Dei siste dagane har det kome mange klager på at me bruker for mykje engelsk på norsk, såkalla anglisismar. Og det er mange som påpeikar at me omset engelske ord og omgrep utan at me forstår kva dei betyr.

Det er engelsk rundt oss over alt. Mykje av bakgrunnsinformasjonen me bruker i sakene våre hentar me frå meldingar og saker skrivne på engelsk. Då er det lett å omsetja ord, omgrep og seiemåtar direkte utan å tenkja seg om. Ofte vert det lite elegant på norsk, og ofte har me betre ord og omgrep for det same på norsk.

Nokre døme frå dei siste dagane, og nokre gjengangarar:

Døde kroppar, dead bodies: Lik, døde, omkomne, drukna osb.

Ta til gatene: Går ut på gata, demonstrera mot.

Protest (eng): Demonstrasjonar, ikkje protestar.

Karakter: Rolle, figur, rollefigur. Karakterar får me på skulen.

Lokasjon: Plassering, stad.

Gjera ein forskjell: Make a difference bli på norsk å utgjera ein forskjell, ikkje å gjera ein forskjell.

Fylla inn eit skjema: Fylla ut, ikkje «to fill in» som på engelsk.

Koma ut av vatnet: Koma opp av vatnet.

Konvoi: På landjorda heiter det kolonne (rekkje med køyretøy). På havet konvoi (rekkje med båtar).

…the high end of the scale: Den øvre delen av, ikkje den høge enden av.

Disturbing/forstyrrande: Kan bety både forstyrrande foruroligande og opprørande. Desse orda er ikkje synonyme på norsk.

Government: Blir ofte til regjering på norsk, også når det er snakk om stat/kommune eller «det offentlege» e.l.

Adminstration: I engelskspråklege land er det ofte snakk om ei regjering (t.d. i USA) og ikkje ein administrasjon.

Show: Program, men dersom det er med song og dans og publikum i salen, kan show vere rett på norsk.

International law: Folkeretten. Ikkje «internasjonal lov».

Campaign: Kan vera kampanje, men ofte brukt feil, t.d. når det skal vera valkamp eller felttog.

Convention: Landsmøte (t.d. i samband med amerikanske valkampar).

Church: Kan vera kyrkje, men ofte bør det omsetjast til menighet/kyrkjelyd.

Copy/kopiar: Om bøker og liknande skal substantivet oftast omsetjast til eksemplar, ikkje kopiar.

Crash/krasj: Eit fly styrtar, bilar kolliderer.

Central America: Mellom-Amerika, ikkje Sentral-Amerika.

It grows on me/xx veks på meg: Når ein likar noko betre etter kvart som ein les eller di fleire gonger ein høyrer noko, t.d. ein song, ei bok. Ting veks ikkje på oss på norsk.

Suksessfull: Suksessrik

Troops: Soldatar, ikkje troppar.

Storm: (Øydeleggjande) uvêr, gjerne med mykje nedbør eller ising, og nesten aldri storm slik me brukar ordet på norsk (som er ein bestemt vindstyrke).

Gun: Kan vera mange typar våpen, ikkje berre pistol.

Vibrerande: Dersom det er ei omsetjing av engelske vibrant, så blir det levande, yrande, pulserande på norsk.

Generelt om bøying av substantiv: Me bøyer framleis ord etter norske grammatikkreglar, dvs. skriv eller seier du eit hit, så er fleirtalsendinga fleire hint, ikkje hints.

 


Fleire meldingar