Hopp til innhaldet

Jabaht Al Nusra eller Nusra-fronten?

Jabhat Al Nusra, er Al Qaida sin organisasjon i Syria.

Bakgrunn:
Nusra er ikkje eit særnamn, men det betyr støtte/hjelp. Når me skriv Nusra-fronten så omset me berre halve namnet. Det vert som om me skulle ha skrive Det kvite house for Det kvite huset, eller Den islamske dawla for terrororganisasjonen Den islamske staten, skriv språkansvarleg i ei av riksavisene til meg.

Me bruker det arabiske namnet på organisasjonen, som er Jabhat Al Nusra.

Me kan òg omsetja namnet til norsk, då vil det bli Støttefronten. Dersom nokon vel å bruka den varianten er det viktig å alltid understreka at dette er Al Qaida sin organisasjon i Syria eventuelt at det er snakk om ei ekstremistisk gruppe, slik at det ikkje vert blanda med ulike humanitære hjelpeorganisasjonar.

Me fylgjer Språkrådet, og skriv namnet med store forbokstavar, utan bindestrek, som Al Qaida og Al Shabaab.

 


Fleire meldingar