Hopp til innhaldet

Namn på delstatar i USA – på norsk

I NRK er regelen at dersom ein delstat i USA har to ulike offisiell skrivemåtar på norsk, så vel vi den norske skrivemåten: Nord-Carolina, Sør-Carolina, Sør-Dakota og Nord-Dakota.

Når det gjeld uttalen av utanlandske stadnamn, er hovudregelen at:
– vi brukar innarbeidd norsk uttale: Paris, ikkje Pari»
– vi uttalar dei fleste stadnamna på «norsk»: Låndån, ikkje Landn»
– når eit stadnamn inneheld lydar om ikkje finst på norsk, så fornorskar vi: Ottawa, blir på norsk «ottava» og ikkje «åttah-ouhah», sidan me ikkje har den «ouh» lyden.

Dvs. at for New York er både /nju-jårk/ og /ny-jårk/ godkjend uttale. Vi har /nju/-lyden i norsk, samstundes som /ny-jårk/ også er innarbeidd uttale.

Nokre delstatar har namn som er innarbeidde i norsk med engelsk uttale. Til dømes: Arkansas (utt.: arkenså), Virginia, Wyoming, Maine, Ohio, Missouri (kort o og stemt s).

Men hugs: Kvart stadnamn må vurderast individuelt. Sjekk med ujour om du er usikker 🙂

Tips: Språkrådet har laga ei liste over korleis utanlandske stadnamn skal skrivast på norsk.

Hugs også at på norsk heiter det valkamp, og ikkje kampanje.

Vil du vita meir om vegen fram til ein amerikansk presidentkandidat? Du kan også lesa meir om kva som skjer i forkant av den «eigentlege» valkampen, nominasjonsmøta og primærvala.


Fleire meldingar