Hopp til innhaldet

NRK bruker norske ord

Språkreglane våre seier at NRK, i størst mogleg grad, skal velja norske ord og uttrykk. Mange ord og uttrykk kjem inn i norsk frå andre språk, samstundes vert det også laga norske ord for dei same orda og uttrykka. NRK har eit særleg ansvar for norsk, og bør difor vera tidleg ute med å ta i bruk nye, norske ord.

Til dømes fylgjer NRK råda frå Språkrådet om å bruka ståhjuling for Segway (som også er er eit merkevarenamn, ikkje eit produktnamn), emneknagg, i staden for det engelske hashtag og e-post, ikkje e-mail.

Det er også viktig å hugsa på at ikkje alle forstår framandspråk like godt, og det er også ein god grunn til å bruka norsk der me kan.

Når du vurderer å bruka eit ord frå engelsk eller andre utanlandske språk, så bør du fyrst vurdera om det finst eit godt norsk ord for det same.

 


Fleire meldingar