Hopp til innhaldet

Språkreglar (nynorsk)

Dei offisielle språka i NRK er norsk og samisk. NRK skal vere med på å styrkje og utvikle desse språka. Minst 25 prosent av verbalinnslaga i radio og fjernsyn skal vere på nynorsk.

1. Reglar

1.1 I nyheitssendingar og programinformasjon skal programleiarar og annonsørar bruke offisielt bokmål eller nynorsk. Redaktørane kan gjere unntak dersom det ikkje er i strid med reglane og retningslinjene nedanfor.

1.2 I andre sendingar og i nyheitsinnslag (reportasjar, rapportar, kommentarar, intervju osv.) kan det brukast dialekt, også i riksdekkjande sendingar, dersom det ikkje er i strid med reglane og retningslinjene nedanfor.

1.3 I distriktssendingane bør lokale talemål få godt rom.

1.4 Person- og stadnamn, tal og teikn skal skrivast og uttalast i samsvar med reglar og råd som er godkjende av Språkrådet.

1.5 NRK skal følgje reglane for offisiell rettskriving. Redaktørane kan gjere unntak dersom dette er tenleg av omsyn til særlege sjangerkrav.

2. Retningslinjer

2.1 Språket skal vere tydeleg med naturleg trykklegging og munnleg setningsbygning.

2.2 Medarbeidarane bør vere konsekvente i bruken av ord- og bøyingsformer innanfor det enkelte innslag eller program.

2.3 Det bør ikkje brukast ord eller uttrykk som er lite kjende eller uforståelege for målgruppa.

2.4 Norske ord og uttrykk skal veljast i størst mogeleg grad.

2.5 NRK skal spegle mangfaldet i det norske språket, også når det gjeld dialektbruk og uttale som er farga av andre språk.

3. Råd

Godt språk = funksjonelt språk. Språket kan vere emosjonelt, sakleg, usakleg, provoserande, forsonande, korrekt, tøysete osv., men formålet med språkbruken bør alltid vere klår.

Ver særleg merksam på verkemiddel som:

  • 3.1 tempo (kor fort ein snakkar, pausar og pust),
  • 3.2 frasering,
  • 3.3 setningsmelodi, klang og høgde,
  • 3.4 ordval og språkbilete,
  • 3.5 struktur og komposisjon,
  • 3.6 kroppsspråk og energi,
  • 3.7 stil og tone,
  • 3.8 personleg og naturleg språk.

Verkemidla skal vere med på å få språkbruken i NRK klår, kritisk og kreativ.

4. Ansvar

Redaktørane har ansvar for at språket i NRK er i samsvar med desse reglane.

Vedteke på direktørmøtet 19. juni 2007.