I eller på? Preposisjonar og stadnamn
Preposisjonar og stadnamn
Det er ofte vanskeleg å vita om ein skal seia «i» eller «på» om ein stad. Tommelfingerregelen er at ein seier «i» om dei fleste stadene, men at ein seier «på» om nokre typar stadnamn, som til dømes namn på øyar, vidder og fjell. Likevel er det så mange unnatak frå denne regelen, at det er vanskeleg å vere heilt sikker.
Den sikraste måten å få preposisjonen rett på, er å spørje innbyggjarane i området, om ein har mogelegheit til det; i lokalspråket kan ein stad få «i» eller «på» – eller begge – i strid med generelle reglar og tilrådingar.
Ein annan sikker måte å få rett preposisjon, er å bruke kommunenamn; då må ein alltid bruke «i»: i Røros kommune, i Frøya kommune, i Nesodden kommune, og så vidare. I andre samanhengar vil ein seie «på Røros», «på Frøya» og «på Nesodden».
Mange norske stadnamn har ein naturleg formasjon som sistelekk, til dømes nes, vik, øy og dal. Dersom ein ikkje veit kva preposisjon lokalbefolkninga brukar og ikkje kan bruke kommunenamn, kan ein gå ut frå at stadnamnet får same preposisjon som ein elles ville brukt om slike namn: på Tingnes, i Pasvik, på Rødøy, i Oppdal.
Det er likevel slik at nokre namn vik av frå dette; det heiter til dømes «i Vardø» når ein snakkar om Vardøya og fastlandsområdet som høyrer til Vardø kommune, men «på Vardøya» når ein snakkar om berre øya.
Ein ser ofte at kommunenamn og namn på tettstader fell saman på denne måten. På slike stader seier ein ofte både «i» og «på», alt etter om ein snakkar om kommunen, naturformasjonen eller om tettstaden. Ein kan såleis seie at det er 7000 innbyggjarar i Oppdal (kommunen), men berre 3500 på Oppdal (tettstaden). Det er eit rikt fugleliv på (øya) Frøya, men også på Sula i (kommunen) Frøya.
I slike tilfelle må ein vera varsam med å få preposisjonen rett når ein snakkar om andre stader i området: Heddal ligg i Notodden (kommunen), ikkje på Notodden (tettstaden).
På Språkrådet sine nettsider finn du ei liste over «i» eller «på» til ein del stadnamn.
Det er likevel grunn til å sjekke kva lokalbefolkninga seier, viss mogeleg; Språkrådet si liste er ikkje komplett og kan i nokre fall stå i strid med lokal preposisjonsbruk.
Ved stadnamn utanfor Noreg gjeld den same tommelfingerregelen om at ein seier «på» om øyar og øyrike og «i» stort sett elles. Sjølv om ein seier at ein er «i» eit land (i Tyskland, i England), heiter det «på» om øyane Island og Grønland; men her finst det òg unnatak: det heiter «i Irland».
Andre unnatak frå øy-regelen er Japan, Indonesia, Puerto Rico, Taiwan og Storbritannia; her brukar ein alltid «i».
Dei same reglane gjeld for område innanfor nasjonalgrensene: på Manhattan, på Shetland, på Jersey, på Fyn.
Eit anna godt verktøy er Norsk stadnamnleksikon. Boka ligg ute på bokhylla.no. Klikk her, klikk så på boktittelen oppe til venstre på sida og så kan du bla i ein eldre versjon av boka.