Hopp til innhaldet

Nordiske stadnamn

Det ligg fleire hundre nordiske stadnamn i NRK-ordboka, med tilrådd uttale for kvar stad. På denne sida finn du utdjupande forklaringar for kvart land.

Listene og dette dokumentet vart opprinneleg laga av Helge Sandøy, tidlegare språkkonsulent i NRK. Det er seinare utvida og justert.

Uttalemarkeringar er gitt i hakeparentesar i ordlistene. Det er brukt vanlege bokstavar, ikkje IPA-lydskrift.

Markeringane gir uttalen etter dei vanlege reglane i norsk, men merk at o står for uttalen i sol (ikkje i sove), at g og k står for lydane i gate og katt, ikkje i gi og kino, og at kj står for k + j (ikkje for kj-lyden i kjære).

Hovudtrykket blir markert med tonemteikn framom trykkstavinga. For å redusere på teiknmengda, blir det ikkje (eller berre sjeldan) brukt teikn for bitrykk, ettersom det gir seg meir sjølv kvar det skal liggje. Det blir skrive dobbel konsonant i bitrykksstavingar der vokalen skal vere kort: [-fåss]. Vokallengd er ikkje markert i slike stavingar. (I dei svenske namna er òg vokalen merkt lang i bitrykksstavingar der det er minst éi trykklett staving mellom den trykktunge og den trykklette (f.eks. Arjeplog [´arjeplo:g].)

Premissar for uttale av utanlandske stadnamn

  1. Når eit utalandsk namn har fått ein innarbeidd uttale i norsk, held ein fast på den.
  2. Ein bruker vanlege norske lydar + ð, þ, tsj, dsj, w, tysk ach og den engelske diftongen /ou/ (w) [ou]. Tjukk l kan ein bruke i svenske namn, elles ikkje. Utover denne tilpassinga til norsk skal uttaleforma svare mest mogleg til uttalen i opphavsspråket.
  3. Når uttalen i heimemålet ikkje kan følgjast pga. pkt. 2, skal ein la skriftbiletet danne mønster. Der heimemålet har variantar, skal ein òg velje den som ligg nærast skriftbiletet (pga. at opplesaren skal kunne slutte seg til mest mogleg ut frå skriftbiletet, og at lyttaren skal kunne kople mest mogleg frå uttalen til skrivemåten på kart og i oppslagsverk).

Spesielt for dei nordiske namna

  1. Namna skal få ein uttale som viser at ein kjenner att dei språklege elementa som har tilsvar i norsk.
  2. Ein forandrar ikkje stavingstalet i namna, og ein bruker nominativsforma (f.eks. med ‑ur på islandsk og færøysk).
  3. Der talemålet har fonemsamanfall (historisk sett eller i forhold til skriftbiletet), og skriftmålet og norsk ikkje har det, følgjer ein skriftbiletet og norsk (pga. attkjennings­gevinsten). Dette er aktuelt der islandsk og færøysk har delabialisering (f.eks. Dýrafjörður [´dy:rafjørður]), og der færøysk har samanfall av ð og g etter vokal (ingen eksempel i materialet slik det er no).

Islandsk

Morfologisk:

Etterledda -dalur, staðir, -fjörður, -hólmur blir uttalte med to stavingar som på islandsk.

Trykk og tonem:

Trykket ligg alltid på første stavinga.

Islandsk manglar tonem, men tonema er sette inn etter det vanlege norske mønsteret for fordeling mellom tonem 1 og tonem 2, f.eks. [`a:kranes, `akurøyri]. Ved fire namn er tonem 1 blitt så vanleg at det er sett inn som alternativ: Geysir, Hekla, Reykjavík, Seyðisfjörður.

Vokallengd

Her følgjer ein islandsk, jf. Esja [`e:sja]. Men ved samansette namn er lang vokal markert i første leddet etter mønsteret i moderne norske samansetningar – av omsyn til forståinga av namnet, f.eks. Selfoss [`se:lfåss]. (Islandsk har kort e.)

Vokalar:

  • au blir uttalt som på norsk. (Islandsk [øy].)
  • ý blir uttalte som på norsk. (Islandsk har [I, Y].)
  • ey blir uttalt som øy. (Islandsk har [ei].)
  • í blir begge uttalte som i. (Islandsk skil: [I, Y].)
  • á blir uttalt som å. (Islandsk [ao].)
  • e, ö framom ng og nk blir uttalt som norske monoftongar.
  • æ blir uttalt [æ]. (Islandsk har [ai].) (Det etymologiske samsvaret med norsk går oftast til ø (jf. Snæfellsnes – dvs. snø),men stundom til æ.)
  • ó blir uttalt o. (Islandsk har [åo].) Eks.: Ingólfshöfði [`ingolfshøfði].
  • ú blir uttalt u. (Islandsk har [o].) Eks.: Húsavík [`hu:savik].
  • o blir uttalt som å.
  • a, e, ö framom ng og nk blir uttalte som vanlege norske vokalar; islandsk har diftongar.

Konsonantar:

  • Ein uttalar ð og þ som i islandsk. Dersom ein journalist har problem med å uttale desse lydane, er det akseptabelt å bruke d og t som erstatning.
  • Palatalisering av k, g blir følgd berre framom trykktung vokal (dvs. både hovud- og bitrykk), dvs. Kerlingarfjöll [`kjerlingarfjøll], men Rifstangi [´rifstangi], Egilsstaðir [`e:gilstaðir].
  • dj, gj og g framom fremre ikkje låg vokal blir uttalte som j. (Islandsk har [dj, gj].) Eks.: Hveragjerði [`kve:ra,jerði].
  • tj blir uttalt som tj, som på islandsk.
  • kj blir uttalt som norsk kj. (Islandsk har [kj].)
  • sj, skj og sk framom fremre ikkje-låge vokalar blir uttalte som norsk sj. (Islandsk har [sj, skj].) Eks.: Skeiðarársandur [sjeiðarårsandur].
  • hv, hr, hl blir uttalte kv, r og l. (Islandsk har ustemt r og l for dei to siste.)
  • ng blir uttalt som norsk ng.
  • fn blir uttalt vn.
  • fl blir uttalt vl, f.eks. Krafla [`kravla]. Men Keflavík har fått innarbeidd fl-uttalen, slik at den må stå som alternativ.
  • rn blir uttalt (Islandsk [rdn].)
  • rl blir uttalt rl. (Islandsk [rdl].)
  • ll blir uttalt som l. (Islandsk har [dl].)
  • g og k blir uttalt som norsk g og k. (Islandsk har i mange posisjonar friksjonslyd.)

Færøysk

Konvensjonar:

Morfologisk:

Etterleddet -oy tilrår vi at blir uttalt som [åy], jamvel om det i færøysk daglegtale ofte er blitt til [I]. Det er ein viss tradisjon for å uttale -oy som [øy], og dette er difor teke med som alternativ uttale.

Trykk og tonem:

Islandsk manglar tonem, men tonema er sette inn etter det vanlege norske mønsteret for fordeling mellom tonem 1 og tonem 2, f.eks. [`bå:råy, ´klaksvik].

Vokallengd:

Her følgjer ein færøysk, jf. Eysturoy [`estoråy]. Men ved samansette namn er lang vokal markert i første leddet etter mønsteret i moderne norske samansetningar. Det gjeld f.eks. i den tradisjonelle uttalen av Tórshavn [´to:rshavn]. (Dette er einaste aktuelle namnet i lista. Det er også unntak i færøysk, dvs. med lang vokalisme der også.)

Vokalar:

  • ey blir uttalt ei når han er lang, e når han er kort
  • i og í blir uttalt i
  • o blir uttalt å
  • ó blir uttalt o når han er lang, å når han er kort
  • u blir uttalt o
  • ú blir uttalt u
  • y og ý blir uttalt y
  • á blir uttalt å

Konsonantar:

  • Palatalisering av k, g blir følgd berre framom trykktung vokal (dvs. både hovud- og bitrykk), dvs. Mykines [`my:kines].
  • ð blir ikkje uttalt, f.eks. Viðoy [`vi:åy], ettersom han manglar i både færøysk og norsk uttale.
  • g blir uttalt (pga. av samsvar med skriftbiletet og norsk), f.eks. Vágar [`vå:gar]. (Færøysk: [vå:ar].)
  • r blir uttalt som på norsk. (Færøysk har ymse variantar. Utbreidd er ein nærast retrofleks frikativ.)

Dansk

Konvensjonar

Som referanseverk er Den Store Danske Udtaleordbog brukt. Men ein følgjer norsk uttale av skriftbiletet når det gjeld vokalar og ymse konsonantar, f.eks. Fredericia, Hammerum, Odder og Skjern: [frede´ritsia, `hammerum, `ådder, sjærn] der dansk har [frede´retsja, -rom, «åð’er, skjarn].

Velkjende namn som følgjer norsk tradisjon og ikkje dansk: København, Køge.

Der g og d er vokaliserte i dansk, følgjer ein skrivemåten i den norske uttalen, slik at Bagsværd blir uttalt [`ba:gsvær]. (Dansk har aw.)

Morfologisk

Den syllabiske n-en (til vanleg den bestemte artikkelen) blir skriven som -en, men han kan uttalast som syllabisk n etter norsk mønster.

Etterledda –købing, -rup, -lund, -bjerg, -borg uttalar ein [-købing, -rup, -lunn, -bjerg, -bårg]. Dansk har annan vokal i [-rob, -lonn], og manglar g-en i [bjær, -bår].

Trykk, tonem og lengd

Trykkplasseringa skal vere som i dansk. Ein bruker norske tonem, som følgjer dette mønsteret: Norsk tonem 1 svarer til at dansk har støyt innafor trykkstavinga. Norsk tonem 2 svarer til at dansk ikkje har trykk og støyt i same stavinga (men støyt kan finnast i andre stavingar i namnet).

Ein følgjer norsk mønster med «solidaritet mellom trykk og lengd», dvs. at danske trykktunge kortstavingar får lang vokal eller «lang konsonant» etter norsk mønster. Derfor blir det i uttalemarkeringa sett kolon etter lang vokal og dobbelskriven konsonant etter kort vokal i slike namn: Nakskov [`nakkskåv].

Vokalar

  • au blir uttalt som norsk au. (Dansk har )
  • u blir uttalt som norsk u, men som o framom velarar (f.eks. bugt) og framfor labialar (f.eks. humle).
  • Kort o blir uttalt som norsk å.
  • Lang e og æ (og umarkerte for lengd) blir uttalt som æ framom r: Espergærde [esper`gæ:re], Herfølge [hær`følle]

Konsonantar

  • Ein bruker ikkje palatalisering av g, k og sk etter norsk mønster, f.eks. Skærbæk [`skæ:rbekk]
  • d etter vokal blir lydskriven som d og bør uttalast slik. (Dansk har ofte vokalisering eller ð («edd».)
  • d etter r er ikkje uttalt, f.eks. i –fjord.
  • nd blir uttalt som nn der dansk har nn-uttale.
  • ld blir uttalt som ll
  • r blir uttalt som norsk r

Svensk

Opplysningane om den svenske uttalen av stadnamna er henta frå Svenska ortnamn. Uttal och stavning.

Konvensjonar

Noterer ikkje tjukk l, men tjukk l kan brukast kan brukast i svenske namn.

Morofologisk

Etterledda -berg og -borg blir uttalte med slutt-g, som på norsk. –stad kan uttalast utan d-en til slutt.

øn, dvs. bestemt form av substantivet ø, blir lydskrive som på svensk ettersom ein bør unngå å lage syllabisk n etter norsk mønster her. Det ville ha auka stavingstalet og gjort namnet meir ukjenneleg. Einstavingsuttalen bryt dessutan ikkje med norsk fonotaks.

Vokalar

  • au uttalar ein som norsk au. (Har ao-uttale på svensk.)
  • Lang e er lydskriven som e framom r.
  • Lang æ blir skriven æ:
  • Kort e er skriven e, men er uttalt som open e-lyd, dvs. som e i norsk Merk at sisteleddet –näs blir skrive –næs der det er trykklett og dermed utan lengd.
  • u framom ng og nk er lydskriven som u og bør uttalast som u.
  • Elles følgjer ein uttalen i norsk av det som er skrive u og o, dvs. ymist u, o eller å.

Konsonantar

  • nd er skrive som nd og bør uttalast som nd.
  • Tjukk l er ikkje markert i uttalen. Her kan nordmenn bruke tjukk l dersom namnet har tilsvar i norsk ord eller namn med tjukk l, f.eks.
  • Svenske retrofleksar som rd kan uttalast som retrofleksar av dei som har det i sitt norske talemål. Andre uttalar slike konsonantsamband som r.
  • rg uttaler ein som rg (svensk har rj)
  • sj uttalar ein som den norske sj-

Finland

Her er brukt svenske namn på dei stadene som har doble namn og som styresmaktene ikkje har bestemt skal vere einspråklege. (Ei avgjerd om einspråklege stader kom i 1982, og namna på dei stadene er førte opp med uttale på den finske forma.) Opplysningar om dette og om dei svenske namna er heta or Kurt Zilliacus & Ulla Ådahl-Sundgren: Svenska ortnamn i Finland (4. oppl., Helsingfors 1984).

Svenske namn:

Finlandssvensk mangar tonem. Men her er dei tonema brukte som ein ville vente å finne etter Sverige-svensk mønster. Lengd på stavingane følgjer òg Sverige-svensk mønster, dvs. at ein ikkje bruker korte stavingar.

Finske namn:

Finske namn har alltid trykket på første stavinga.

I finske trykktunge kortstavingar blir vokalen forlengd for å få uttalen til å høve til det norske mønsteret: Imatra [´i:matra]. Lang vokal er også sett inn i andreleddet i namna, dvs. ved bitrykk: Ivalojoki [´i:valåjå:ki]. Når finsk har lang vokal utafor førstestavinga, blir det også markert, dvs. at det på norsk får bitrykksuttale: Joensuu [´jå:enso:] by i Finland.

Vokalar:

  • o blir uttalt som å
  • u blir uttalt som o
  • ou blir uttalt som diftong: åo

Konsonantar:

  • h blir uttalt også inne i orda, dvs. som ch