NRKs gamle stadnamnarkiv
Tidleg på 1960-talet vart det oppretta eit eige stadnamnarkiv for NRK med uttale av stadnamn i Noreg.
Arkivet har rundt 2000 kartotekkort. Dei er no digitaliserte, og resultatet er lagt ut på sprak.nrk.no.
Vi veit diverre ikkje kven som har laga arkivet, men det er heilt tydeleg at det har vore fagpersonar (truleg frå Universitetet i Oslo) inne i biletet. Korta brukar den gamle kommunestrukturen frå før 1964, så vi går ut frå at arkivet er laga på tidleg 1960-tal, eventuelt på seint 1950-tal.
Dei gamle kartotekkorta er gjeve som gåve til Universitetet i Oslo (stadnamnsamlingane). Det er i tillegg sendt digitale kopiar til Statens kartverk.
Uttale
På dei fleste korta er uttalen markertpå to måtar:
- I svart: Uttale med «normale» bokstavar. Trykk er markert med understreking.
- I raudt: Uttale markert med nokre spesialteikn (frå Norvegia-lydskrifta), tonelagsmerke og enkelte andre teikn.
Spesialteikn
- <kj> som i «kjære»
- ŋ som den siste lyden i «trang»
- ę er en mellomting mellom e og æ (mest e)
Tonelagsmerke
Det er brukt ` og ´ for å markere tonelag (tonem).
- ´ for tonelag 1 (bønder)
- ` for tonelag 2 (bønner)