Hopp til innhaldet

Språkkontaktseminar, januar 2015

Det er språkkontaktseminar på Marienlyst torsdag 22. januar 2015. Alle språkkontaktane i NRK er inviterte.

Seminaret startar kl 10 og sluttar kl 16. Det er middag etterpå for dei som har tid og lyst.

Tema på møtet:

  • Dialektrøkt: Vi presenterer dei interne og eksterne undersøkingane + eit opplegg for å drive dialektrøkt i redaksjonane.
  • NRKs fleirkulturelle ordliste
  • Nettjournalistikk: Korleis skrive gode titlar på nett. Tekstar som funkar. Klipp som funkar. Nynorsk.
  • Utdeling av språkprisen.

Og meir, som vi kjem tilbake til.

Vel møtt!


Fleire meldingar