Hopp til innhaldet

Den tunisiske dialogkvartetten

Det er straks klart for utdelinga av Nobels fredspris, men korleis skriv me namnet på dei som får prisen?

Det er ei gruppering som får prisen. Vanlegvis brtyr det at ein skriv namnet på grupperinga med liten forbokstav. Men namnet ber preg av å vera eit særnamn. Regelen er at når eit namn (Vegvesenet, av Statens vegvesen) ber preg av å vera eit særnamn, så skal det ha stor forbokstav. Me har landa på at me ser på dette som eit særnamn, og vel difor å skriva Den tunisiske dialogkvartetten med stor d evt. Dialogkvartetten/Kvartetten der det er klart ut frå samanhengen at det er snakk om den tunisiske.

NTB og Aftenposten har landa på det same.


Fleire meldingar