Hopp til innhaldet

Persiabukta, Mexicogolfen og Golflanda?

Ein golf er ei vid havbukt.

Ordet er bruke om fleire område. Mest kjend er nok Mexicogolfen. Det er norsk offisielle skrivemåte av namnet på havbukta, og dermed det me skal bruka.

Golf er også ein del brukt om det som på norsk heiter Persiabukta/-en (bm). Sidan me skal bruka offisielle norske stadnamn, skal me bruka Persiabukta. Det er likevel ingenting i vegen for å referera til landa som Golflanda, Golfstatane osb, så lenge det går fram kva område me snakkar om.

Og så heiter det golf, og ikkje gulf på norsk.


Fleire meldingar