Hopp til innhaldet

Hiroshima

NRK uttalar Hiroshima slik det vanlegvis vert gjort på norsk, med eit svakt trykk på /shi/.

I japansk brukar ein ikkje trykk, slik me gjer på norsk og engelsk. Mange synest det er vanskeleg å få til, sidan skiljet mellom lette og tunge stavingar er viktig på norsk. I japansk er derimot tonema viktige. I norsk ser me dette når me skil mellom uttalen av bønner og bønder. Rett tonemplassering i Hi-ro-shi-ma er lågt toneleie på fyrstestavinga, og høgt på dei tre siste. (låg-høg-høg-høg).

Dersom ein greier å uttala namnet med likt trykk på alle stavingane, så er det bra. Dei som ikkje greier det, seier Hiroshima, med eit lett trykk på /shi/.


Fleire meldingar