Kollapse vs rase saman
Eksplosjonane i Kina gjorde store øydeleggingar. Når me fortel om dette er det verd å hugse at hus rasar saman, dei kollapsar ikkje.
På norsk betyr kollaps: lekamleg eller psykisk samanbrot (Bokmåls- og nynorskordboka).
Det er heller ikkje noko ulempe å bruke nære, norske ord når me skal fortelje om alvorlege hendingar som råkar vanlege folk.