Hopp til innhaldet

Namn i den danske valkampen

Eg har fått fleire spørsmål om korleis vi skal uttala namna på nokre danske politikarar i samband med valet.

Her er svara så langt.

Helle Thorning-Schmidt:

  • Thorning skal uttalast med ein rein o, og i-en meir i retning av ein e: /torneng/. I-en er ein mellomting mellom e og i.
  • Schmidt skal uttalast som /smitt/ på norsk. Må ikkje forvekslast med tyske måten å uttala namnet på (sjmitt). (Jf. Språkredaktøren i Danmarks Radio.)

Lars Løkke Rasmussen:

  • Vanlege norske namnereglar seier at han skal omtalast som Rasmussen. Danskane omtalar han som Løkke. Her i landet er han kjend som Løkke Rasmussen, kanskje fordi me trong å skilja han frå Fough Rasmussen?
    Etter ein diskusjon med dei som skal dekkja valet i Danmark og fleire språkkontaktar, landa me på det ville og galne «Løkke Rasmussen» når me berre bruker etternamnet hans. Då forstår dei som fylgjer dansk politikk tett at det er «Løkke» saka gjeld, og dei som ikkje fylgjer så godt med på det som skjer i Danmark forstår at det ikkje er Fough Rasmussen me snakkar om.

Fleire meldingar