Hopp til innhaldet

Syria – våpenkvile eller våpenstillstand?

Kva kallar me situasjonen i Syria no. Er det våpenkvile, slik me stort sett har sagt, eller er det våpenstillstand, slik UD seier?

a) Her er det mykje politikk med i biletet. UD seier fylgjande om det formelle rundt korleis dei vel å ordleggja seg i denne saka:

Våpenstillstand er mindre forpliktende en våpenhvile. Brende brukte våpenstillstand om Syria fordi den ikke omfatter alle, og derfor ikke stanser våpenbruk. Våpenhvile er en forhandle avtale om stans av våpenbruk.

b) Men samstundes som nokon er samde om å ikkje kriga slik at dei får inn hjelp og forsyningar (og sikkert ammunisjon og våpen m.m.), så er det full krig andre stader – bombinga av IS og av Jabhat al-Nusra, som er Al Qaida sin organisasjon i Syria, held fram som før

c) Oppfattar publikum skilnaden mellom våpenstillstand, våpenkvile og våpenkvileavtale? Nokre gjer sikkert det, mange andre heilt sikkert ikkje.

Så: Eg trur me kan koma unna mange problem med å skriva om/gå rett på sak, og seia: partane har lagt ned våpna eller teke pause i krigføringa eller liknande formuleringar for å få inn forsyningar.


Fleire meldingar