Hopp til innhaldet

Blåbok: Slik skriv vi i tal, forkortingar og merkevarenamn

Språkreglane i NRK blei forma ut i ei tid der vi først og fremst var eit radio- og TV-hus. Vi har gode reglar for uttale og munnleg språk, men få køyrereglar for teiknsetting og skrive språk.
Britiske BBC, svenske TT og norske NTB har alle nærare definerte reglar for teiknsetting, tal, forkortingar og liknande.

I fråværet av nedfelte reglar har ulike miljø i NRK forma ut ulike eigne reglar. For eksempel bruker vi FrP i superar på Dagsrevyen, medan vi hovudsakleg skriv Frp i artiklar på NRK.no. Ein annan tilbakevendande diskusjon er om vi skal bruke sitatteikn eller ikkje når vi skriv og melder om ekstremvêr.

På bakgrunn av dette tok Gaute Zakariassen i 2015 kontakt med språksjef Ragnhild Bjørge, som sette ned eit utval og gav eit mandat for å lage eit utkast til «blåbok» for skrivereglar lik dei nyhendebyrå som NTB og svenske TT har.

Utvalet har hatt som mål å bli einige om eit sett med reglar som så langt det er mogleg skal vere tydelege, konsistente og enkle både å hugse og handheve.

Gjennom fleire møte gjennom 2016 har utvalet gått gjennom dei mange uklarheitene, og søkt å finne eintydige reglar som i utgangspunktet skal kunne gjelde for alle uttrykk og medieplattformer.
Medlemmane i gruppa har vore språksjef Ragnhild Bjørge, Gaute Zakariassen, Knut-Sverre Horn, Arild Moe, Eivind Molde, Ingvald Aarstein og språkkonsulent Børge Nordbø.

Etikkredaktør Per Arne Kalbakk har også hjelpt utvalet med å vurdere i kor stor grad vi skal respektere særnamn og merkenamn der dei bryt med våre eigne eller allmenne skrivereglar.
I nokre høve, som TV-tekst, ser vi at det kan vere naudsynt å fråvike dei overordna reglane av tekniske omsyn. Dette er nærare presisert under den enkelte regelen.
Reglane blei vedtatt av Språkstyret i NRK 26. oktober 2017.

Blåbok for rettskriving – endeleg 200218


Fleire meldingar