Solberg utvidar regjeringa
Tysdag 22. januar presenterer statsminister Erna Solberg nye statsrådar, og utvidar regjeringa.
Regjeringa er altså den same, men får frå tre til fire parti.
På Granavolden gjæstgiveri på Granavollen forhandla dei fire partia fram ei politisk plattform. Denne har regjeringa gjeve namn etter gjestehuset, altså Granavolden-plattforma.
Etter kvart leverer statsministeren og den utvida regjeringa ein tekst til Stortinget om korleis dei skal styra saman. Det er ei regjeringserklæring. Den får fort namnet Granavolden-erklæringa, men kan godt berre kallast regjeringserklæringa.