Uttale av årstal
Språkrådet jamstilte 11. februar 2014 dei to skrivemåtane og uttalemåtane av 2014, tjuefjorten og totusenogfjorten.
Språkreglane til NRK slår fast at NRK skal retta seg etter reglar og råd som er godkjende av Språkrådet. Samstundes ynskjer språkstyret at NRK skal framstå einskapleg i uttalen av årstal.
Difor rår vi til å bruka kortforma tjuefjorten i NRK.