Hopp til innhaldet

Tek på seg ansvaret, skulda eller står bak?

Ofte melder me at «N.N. tek på seg ansvaret for» ei terrorhandling. Det får me reaksjonar på.

Ein terrorist eller ei terrorgruppe tek ikkje ansvar for ei handling eller eit åtak når dei tek livet av sivile og uskuldige menneske. Dei står bak handlinga eller tek på seg skulda for handlinga.

For å unngå å rota med ansvar og skuld, bør me halda oss til formuleringar som «stod bak» eller «utførte».


Fleire meldingar