Hopp til innhaldet

Forkortingar

Reglane for korleis NRK skriv forkortingar, tal og teikn finn du i blåboka vår

Blåboka erstattar reglane under.

Gamle retningsliner for forkortingar i NKR, vedtekne av språkstyret i juni 2014:

Forkortingar

NRK-journalistar skal unngå å bruke forkortingar som ikkje er innarbeidde og godt kjende.

Vi fylgjer retningslinene til Språkrådet, men der det er fleire valfrie former har vi vald éi av dei (vi skriv Nato, sjølv om Språkrådet seier at det er valfritt NATO/Nato).

Store eller små bokstavar?

  • Forkortingar for ord som blir uttala som vanlege ord skal skrivast med små bokstavar: aids, hiv, ufo, pop, radar, krim.
  • Forkortingar for namn som blir uttala som vanlege ord skal skrivast med stor forbokstav, resten i små bokstavar: Efta, Ikea, Nato, Norad, Obos, Opec, Unesco.
  • Forkortingar for namn og ord som blir uttala bokstav for bokstav skal skrivast med berre store bokstavar utan punktum: AS, EM, FN, IT, KFUM, LO, NHO, NRK, OL, PC, TV , UD, VM.
    Unntak: HiO, UiO o.l. + dei politiske partia.
  • Forkortingar for mål, vekt, valuta eller klokkeslett skal skrivast med små bokstavar: km, kg, kr, kl (men stort sett unngår vi å forkorte desse orda i løpande tekst).

Politiske parti: Ap, H, KrF, Sp, V, Frp, SV, R, MDG. Vi forkortar ikkje Høgre, Venstre eller Raudt i løpande tekst. I parentes etter namn på politikarar skriv vi (Ap), (H), (KrF), (Sp), (V), (Frp), (SV), (Raudt), (MDG).

Norske TV-kanalar: TV 2 (med mellomrom), TV3 (utan mellomrom), NRK1, NRK2, NRK3.

NRK fylgjer elles forkortingsreglane i NTB-språket og Skrivereglar av Finn-Erik Vinje.