Program for språkkontaktseminaret
Balkongen, møt i Radioresepsjonen
0930 – 0945 Oppmøte og registrering. Frukt, kaffi og te.
0945 – 1000 Opning, årsrapport, planar framover v/ leiar for språkstyret/språksjef
1000 – 1130 Korleis røkte bruken av dialektar i NRK? v/ utvalsleiar Steinar Nielsen (språkstyret) og utvalsmedlem Unn Røyneland, professor ved senter for fleirspråklegheit, UiO. Gruppearbeid om retningslinjene – språkkontaktane gir innspel til styret
1130 – 1145 Kaffipause
1145 – 1220 Kvifor er normaltalemål viktig i NRK? v/ Sylfest Lomheim, professor ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Innleiing med kommentar/spørsmål frå salen
1220 – 1245 Presentasjonsrunde
Alle språkkontaktane presenterer eitt godt råd til dei andre språkkontaktane og nemner eitt problem dei opplever i arbeidet som språkkontakt. (Det er sett av om lag eitt minutt til kvar.)
1245 – 1330 Lunsj
1330 – 1415 Korleis skrive gode titlar på nrk.no? v/ Helene Hillestad, redaksjonssjef nettpublisering.
1415 – 1440 Presentasjon av nye nettsider v/Erik Bolstad og Ragnhild Bjørge
1440 – 1445 Kort pause m/kaffi
1445 – 1530 Forfallet i det norske språket v/ Sanna Sarromaa postdoktor ved Høgskolen i Lillehammer. Innleiing med kommentar/spørsmål frå salen
1530 – 1550 Utdeling av kringkastingssjefens språkpris for 2014 v/Kringkastingssjefen
1550 – 1600 Evaluering og avslutting v/ styreleiar/språksjef
1630 – > Fellesmiddag