Hopp til innhaldet

Omtale av Krekar

NRK har valt å tona ned «mulla»-tittelen når vi snakkar om Krekar, utan å kutta tittelen heilt.

Samstundes prøver vi å få inn namnet hans, Najumuddin Faraj Ahmad, og legg til «som han eigentleg heiter»-formuleringar i alle saker og innslag. Det treng ikkje å vera i fyrstesetninga, og vi må ikkje overdriva dette.

Mulla er ein islamsk ærestittel, og vi har fått mange reaksjonar på at vi viser han vel mykje respekt ved å alltid kalla han mulla.


Fleire meldingar