Stor eller liten forbokstav?
Når namn vert forkorta skal kortversjonen har stor forbokstav når kortforma framleis har særnamnskarakter. Det vil seia at kortforma av Statens vegvesen vert skriven Vegvesenet. Det heiter også Husbanken (Den Norske Stats Husbank), Folkehelsa (Folkehelseinstituttet) og Pensjonskassa/Pensjonskassen (Statens pensjonskasse).
Samfunnsinstitusjonar som ikkje er statsorgan eller administrative einingar får liten forbokstav i kortversjonen av namnet.
Det heiter til dømes:
- skatteetaten: Dette er ei samlenemning for Skattedirektoratet og underliggjande etatar.
- tollvesenet: Dette er ei samlenemning for Toll- og avgiftsdirektoratet og underliggjande etatar.