Hopp til innhaldet

Heiter det komitè eller komité? Og heiter han Andrè eller André?

Mange vert usikre når dei skal skriva eit aksentteikn. Skal teiknet peika mot høgre eller mot venstre, opp eller ned, må me eigentleg ha det med og kva er ein cirkumfleks?

Aksenten fortel mellom anna om kvar trykket i ordet skal liggja, det fortel om opphavet til eit ord og fortel om vokalar er korte eller lange, opne eller tronge. Dersom eit ord kjem fra fransk, så fortel ein é at e-en er trong, medan ein è vert ein æ-lyd. Dersom du skriv Andrè, så skriv du at namnet skal uttalast Andræ. Dersom du skriv André, så seier du at trykket ligg på e-en, og at e-en er ein trong e-lyd.

Nokre gonger er aksentteikna obligatoriske, som i ein del utanlandske namn (t.d. Andalucía, Rhône), andre gonger er dei ikkje obligatoriske (t.d. allé, men du kan velja å skriva alléen eller alleen).

Du finn eit enkelt og greitt oversyn over reglane for aksentbruk i norsk på nettsidene til Språkrådet.

Hugs: Det er betre å kutta heile aksenten enn at han peikar feil veg.

Og rett svar på overskrifta er komité og André.


Fleire meldingar