Hopp til innhaldet

Stor og små bokstavar

Når du set saman eit samnamn og eit særnamn (eigennamn) og særnamnet kjem sist, skal det vera bindestrek mellom dei to ledda, og begge orda skal ha stor bokstav. Distrikts-Noreg, Skule-Noreg, Sør-Noreg.

Når du set saman eit særnamn og eit samnamn:

  • særnamnet kjem først og dette framstår som eit særnamn, så skal orda skrivast saman og ha stor førebokstav: Oslomarka, Prøysenmuseet.
    • Det er tradisjon for å skriva kjende krigar, komitear, avtalar og liknande i eitt ord.
    • Det finst unnatak: Haag-domstolen og Brundtland-kommisjonen
  • og namnet framstår som eit lite kjend samnamn, så er det vanleg å bruka bindestrek og liten bokstav i andre leddet: Trøndelags-områda, Hålandsjentene.

Offentlege instiutsjonar skal ha stor førebokstav i namnet sitt, som i Norsk rikskringkasting, Vegdirektoratet.
Unnatak: Noregs Bank, som har tradisjon for å skriva namnet slik.

 

 

 

Henta frå Norske skrivereglar, Samlaget 2015


Fleire meldingar