Uttrykk vi snublar i
I farten hender det at ord og faste uttrykk kjem litt skeivt ut. Vi blandar rett og slett saman fleire uttrykk.
Døme 1:
- Utarte betyr at noko utviklar seg til noko verre. Noko kan utarte, men det utartar seg aldri. Vi kan derimot seia at demonstrasjonen utarta.
Dette vert ofte blanda med
- Arte seg, som betyr å utvikla seg eller ta form. Her er det rett å ta med eit «seg» etter ordet
Døme 2:
- Noen hver betyr alle, både den eine og den andre
Som ofte vert blanda med
- Alle og enhver, som betyr kven som helst
Døme 3:
- Overfor betyr andlet til andlet, to som står og ser på kvarandre
Som ofte vert blanda med
- Ovanfor/ovenfor, som betyr at noko er høgare oppe enn noko anna. Det kan også bety tidlegare i teksten (som omtalt ovanfor)
Døme 4:
En/ein erstattar ofte både et/eit og ei – Hugs å bruka rett artikkel på substantiva. Det heiter eit høgdepunkt og eit talent
Døme 5:
- Kjølvatn er den stripa du ser etter båten når han glir framover i vatnet, når kjølen bryt seg fram. Vert brukt om noko som fylgjer like etter noko anna.
Som ofte vert blanda med
- Kjølevatn, som er vatn som vert brukt til å kjøla ned maskiner, aggregat og liknande.