Svenske bokstavar i svenske stadnamn
Vi brukar svenske bokstavar i svenske stadnamn, sjølv om vi skriv norsk.
Det betyr at vi skriv Göteborg og Östersund.
Dette er nedfelt i språkreglane våre.
Der står det: «Person- og stadnamn, tal og teikn skal skrivast og uttalast i samsvar med reglar og råd som er godkjende av Språkrådet.»
Språkrådet har laga ei nyttig liste over korleis me skriv utanlandske stadnamn på norsk.