Hopp til innhaldet
Ordboka Språkreglane Få språkhjelp

Siste meldingar

Statstilsette/statsansatte og statstilsatte

NRK skriv «statstilsette»/ «statsansatte» og «statstilsatte», ikkje tenestemenn/tjenestemenn. Den tidlegare tenestemannslova (lov om statens tjenestemenn) vart i 2017 til statstilsettelova (lov om statens ansatte mv.). NRK brukar difor statstilsette på nynorsk, og på bokmål både statstilsatte og statsansatte.

Elsparkesykkel og elsykkel

Vi skriv «elsparkesykkel» og «elsykkel» utan bindestrek på same grunnlag som «elbil». Samansette ord skal i hovudregel skrivast utan bindestrek. Ordet «el» er mykje brukt og er eit kortord. Les meir om dette hos Språkrådet. https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/elbil/