Hopp til innhaldet

Alan Kurdi, ikkje Aylan

Alle hugsar bileta av den vesle guten som som låg død på ei strand i haust i Tyrkia. Han som vart eit symbol på flyktningkrisa og den farlege ferda over til Europa. Pressa har lenge skrive namnet han Aylan. Namnet vart skrive slik då dei fyrste meldingane om kven han var kom, men det er ikkje heilt rett. Rett skrivemåte er Alan. Det seier familien hans til Sveriges Radio. Det er også retta opp m.a. i Wikipedia: «Alan Kurdi (Kurdish: Alan Kurdî), initially reported as Aylan Kurdi»

 

 


Fleire meldingar