Dialekthefta er komne!
No er retningslinene for dialektbruken og- røkta i NRK komne som hefte, og snart kjem dei også til redaksjonen din.
Du kan også lesa eller lasta ned dialektrøkthefta om du vil. Du finn dei under Regler og vedtak.
Føremålet med retningslinene er å gjera det enklare å vera dialektbrukar i NRK, og dei skal gjera det enklare å gje dialektbrukarane i NRK språkleg rettleiing.
Retningslinene gjeld alle som bruker dialekt i NRK. Desse er eit tillegg til språkreglane, som gjeld alle i NRK.
Dersom du vil at eg skal senda deg eit hefte i posten, kan du senda ein e-post til spraksjef [a] nrk . no