Ord og uttrykk om flyktningar
Det er ikkje alltid så lett å vita kva ein skal kalla dei som no kjem til Noreg med ynske om å få bli her. Omgrepa vert ofte brukte om kvarandre. Av og til gjer ikkje det noko, medan andre gonger risikerer me rett og slett å gjera feil. Uansett, slike saker krev at me tenkjer oss godt om når me lagar saker og manus, og diskuterer språkbruken vår med kvarandre.
Her er nokre omgrep som eg ofte får spørsmål om:
- Ikkje alle som kjem til Noreg er flyktningar, men mange er det. Dei fleste som kjem til Noreg over Storskog er, ifylgje styresmaktene, ikkje flyktningar.
 - Alle er migrantar, sidan migrant er ein person som flytter frå eitt land til eit anna. Migrant er eit ord som er lite brukt i norsk daglegtale og verkar framandt for mange. Ord som verkar framande skaper ofte avstand.
 - Så godt som alle som er komne inn i Noreg søkjer asyl, og har status som asylsøkjarar fram til søknaden er avgjort.
 - Me har også brukt ordet tilreisande om flyktningane og migrantane som kjem frå Russland. Det er bra å variera språket, men hugs at det kjem mange tilreisande frå Russland som også reiser tilbake kvar dag. Me må ikkje risikera at folk blandar bussreiser med pensjonerte russarar på handletur med dei som syklar over grensa.
 - Mange reagerer på at NRK ofte refererer til flyktningstraumen. I nokre tilfelle er det nok rett å seia at det kjem ein straum av flyktningar til Europa. Kanskje er det også rett å kalla det ein straum frå Russland og til Noreg over Storskog, men ver varsam med ordbruken slik at dette ikkje vert ein klisjé eller vert oppfatta som om dette ikkje har noko årsak.
 - Asylborn  er  også  born.  Me  får  også  reaksjonar  på  at  me  kallar  dei  einslege  borna  som  kjem  hit  for  asylborn,  og  kallar  stadane  dei  vert  innkvarterte  for  mottak  for  einslege  asylborn.  Eit  barn  er  eit  barn,  også  etter  at  det  har  søkt  asyl.  Språkbruken  vår  kan  vera  med  på  å  skapa  større  avstand  mellom  «oss»  og  «dei»  Kan  me  heller  kalla  mottaka  for  asylmottak  for  einslege  born?
Tidlegare har omgrepet asylborn oftast vorte brukt om born som har søkt asyl, men ikkje har fått verken asyl eller anna opphaldsløyve i landet, som Nathan-saka frå Bergen.