19. august 2020NRK skriv «statstilsette»/ «statsansatte» og «statstilsatte», ikkje tenestemenn/tjenestemenn. Den tidlegare tenestemannslova (lov om statens tjenestemenn) vart i 2017 til statstilsettelova (lov om statens ansatte mv.). NRK brukar difor statstilsette på nynorsk, og på bokmål både statstilsatte og statsansatte.
19. august 2020Vi skriv «elsparkesykkel» og «elsykkel» utan bindestrek på same grunnlag som «elbil». Samansette ord skal i hovudregel skrivast utan bindestrek. Ordet «el» er mykje brukt og er eit kortord. Les meir om dette hos Språkrådet. https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/elbil/
19. august 2020NRK skriv namnet på det sosiale nettverket slik: TikTok. I all hovudsak respekterer NRK bedrifts- og merkevarenamn slik eigarane sjølve vil at vi skriv dei. Difor er skrivemåten på det sosiale nettverket TikTok. Sjå meir i Blåbok – for rettskriving: https://portalen.nrk.no/wp-content/uploads/2018/02/Bl%C3%A5bok-for-rettskriving.pdf
19. august 2020NRK nyttar det norske ordet «påverkar», bokmål: «påvirker», ikkje det engelske ordet «influencer» om dei som ofte ytrara seg i sosiale medium om likt og ulikt, og som mange let seg påverke av.
19. august 2020Når vi omtalar sjølve embetet, Riksmeklaren, skriv vi med stor bokstav. Når vi omtalar personen skriv vi med liten. Embetet fyller funksjonen til eit statsorgan og skal derfor skrivast med stor førebokstav. Døme: «dei sit i mekling hos Riksmeklaren». Men om personen: «Det opplyser riksmeklar Mats Ruland». Les meir om kvifor og korleis hos Språkrådet: https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/riksmeklaren/
19. august 2020Ecoli er ei forkorting for Escherichia coli. Sidan det er forkorting av to ord skal det vere tydeleg pause mellom dei to. Vi skal difor ta pause mellom E. og coli og uttale dette slik: /E.koli/, ikkje /ekoli/.
19. august 2020Vi skriv namnet på koronasjukdommen slik: covid-19. Vi skriv med liten forbokstav slik som vi skriv aids, hiv osb. Dette fordi namnet på sjukdommen er ei forkorting for Corona Virus Disease 19 og NRK skriv slike forkortingar med små bokstavar.
19. august 2020NRK skriv «korona» med «k», ikkje «c». Ordet korona er eit norsk ord og blir uttala med lang lukka o i andre staving. Vi uttalar difor ordet slik: /korona/, ikkje /kåråna/. Vi skriv difor «koronavirus» og ikkje «coronavirus».