Hopp til innhaldet

Uttale av namn

Vi prøver å uttala namn slik som den som eig namnet, eller dei som bur ein stad, uttalar namna. Unnatak: Nokre namn har ein så innarbeidd uttale at vi skapar større forvirring enn forståing om vi endrar uttalemåte. I slike tilfelle held vi oss til vanleg norsk seiemåte.

Stor og små bokstavar

Når du set saman eit samnamn og eit særnamn (eigennamn) og særnamnet kjem sist, skal det vera bindestrek mellom dei to ledda, og begge orda skal ha stor bokstav. Distrikts-Noreg, Skule-Noreg, Sør-Noreg. Når du set saman eit særnamn og eit samnamn: særnamnet kjem først og dette framstår som eit særnamn, så skal orda skrivast saman og ha stor førebokstav: Oslomarka,…