Hopp til innhaldet

Forfordele

Å forfordele betyr å gje nokon mindre enn det han eller ho har krav på. Svært mange trur at det betyr det motsette.

Vi vil åtvare mot å bruke ordet. Halvparten av lyttarane/lesarane dine vil forstå ein ting, medan den andre halvparten vil forstå noko anna.

Ordet forfordele er difor ueigna for presis kommunikasjon.