Hopp til innhaldet

Nikab

Nikab er eit hovudplagg som dekkjer andletet heilt, med unntak for auga. Hijab dekkjer berre håret og halsen. Burka er heildekkjande.

Skal vi skrive Niqab eller Nikab?

Skrivemåten er valfri, du kan sjølv velje kva form du vil bruke.

Vi vil rå til å skrive nikab med k fordi det ser mindre framand ut (skapar mindre avstand) og fordi det passar betre inn i norsk rettskriving.

Dei aller fleste importorda i norsk blir norvagiserte (sjåfør, jus, lunsj, byrå, kvalifisere, seremoni, nøytral, sersjant o.s.v.). Det er få grunnar til ikkje å norvagisere dette ordet òg.

Relaterte oppføringar