Hopp til innhaldet

Parverb

Parverb kan av og til vere vanskelege å skilje frå kvarandre, men det finst nokre greie hugsereglar!

Fyrst: Ei forklaring av transitive og intransitive verb.

Intransitive verb er verb som (med visse unntak) ikkje kan ta direkte objekt. Unntaket er objekt som gjerne har ei tyding som er nærskyld med verbet, og ofte har same rot. Slike objekt fungerer som forsterking av verbtydinga.

Intranaitive verb er til dømes

  • Eg står.
  • Bonden sov. (Sjølv om vi kan seie Bonden sov sin søte søvn.)
  • Bjørnen døydde. (Sjølv om vi kan seie Bjørnen døydde ein salig daude. )
  • Skinnet hang på knaggen.

Ein tommelfingerregel for å skilje transitive verb frå intransitive, er å spørje: Går det an å (verbet) nokon? I døma ovanfor er svaret på slike spørsmål nei: Det går ikkje an å stå nokon, det går ikkje an å sove nokon (men ein kan sove ein søvn), det går ikkje an å døy nokon (men vi kan døy ein daude). Det går heller ikkje an å henge nokon – men det går an å hengje nokon, og dette verbet har svak bøying. Verb som har svak bøying som transitive, og sterk bøying som intransitive, vert kalla parverb.

Parverb – sjekk kva verb du faktisk brukar!

Parverb, verb som kan vere transitive med svak bøying eller intransitive med sterk, er til dømes:

  • å hengje – hengjer – hengde – hengt; å henge – heng – hang – hange
  • å brenne – brenner – brente – brent; å brenne – brenn – brann – brunne
  • å setje – set – sette – sett; å sitje – sit – sat – sete
  • Å søkkje – søkkjer – søkkte – søkkt; å søkke – søkk – sokk – sokke

Eksempel

Ein haug ulike eksempler på både nynorsk og bokmål.

  • Eg hengde jakka på knaggen
  • Jakka hang på knaggen.
  • Eg brenner søppel
  • Søpla brenn godt.
  • Eg sette meg på stolen
  • Eg sat godt.
  • Eg søkkjer båten.
  • Båten søkk langsamt.
  • Tørrveden brant godt.
  • Huset brant ned.
  • Han brant etter å si det.
  • De brente veden på peisen.
  • De brente alt da de trakk seg tilbake.
  • Han hengte jakka på knaggen.
  • Han hengte seg opp i den minste detalj.

Relaterte oppføringar