Hopp til innhaldet

Born av IS-foreldre

I jakta på den effektive formidlinga, blir me av og til blinde for dei signala ein merkelapp eller ei skildring kan ha med seg. Borna som er fødde i IS-styrte område, eller som har IS-medlemer til foreldre, skal ikkje lastast for det foreldra har gjort og står for. Me let born vera born, uavhengig av foreldra, og difor skal me…

Svenske bokstavar i svenske stadnamn

Vi brukar svenske bokstavar i svenske stadnamn, sjølv om vi skriv norsk. Det betyr at vi skriv Göteborg og Östersund. Dette er nedfelt i språkreglane våre. Der står det: «Person- og stadnamn, tal og teikn skal skrivast og uttalast i samsvar med reglar og råd som er godkjende av Språkrådet.» Språkrådet har laga ei nyttig liste over korleis me skriv utanlandske…

14. februar er valentinsdagen

Den store kjærleiksdagen 14. februar vert kalla valentinsdag eller valentinsdagen på norsk. Dagen går også under namn som dagen for alle hjarte, alle hjerters dag eller dagen for kjærleik.  I NRK brukar vi dei norske namna på dagen. Meir om korleis namnet på dagen vert skrive, historia bak dagen osb. kan du lesa hos Språkrådet.

Solberg utvidar regjeringa

Tysdag 22. januar  presenterer statsminister Erna Solberg nye statsrådar, og utvidar regjeringa. Regjeringa er altså den same, men får frå tre til fire parti. På Granavolden gjæstgiveri på Granavollen forhandla dei fire partia fram ei politisk plattform. Denne har regjeringa gjeve namn etter gjestehuset, altså Granavolden-plattforma. Etter kvart leverer statsministeren og den utvida regjeringa ein tekst til Stortinget om korleis dei…

NRKs ordliste på funksjonshemmetfeltet

Et utvalg ledet av Paal Richard Peterson har kommet med et forslag til hvordan vi omtaler funksjonshemmede i NRK. Språkstyret støtter arbeidet og oppfordrer alle til å bruke rådene. Utvalget skriver selv: Mange journalister synes det er vanskelig å lage journalistikk på funksjonshemmetfeltet. Noen ord som tidligere ble brukt, oppleves i dag som nedsettende og stigmatiserende, og ulike grupper ser…

Brexit eller brexit?

Språkrådet tilrår at vi skriv brexit med liten b, sidan det ikkje er eit særnamn. Meir om dette på nettsidene til sprakradet.no    

Fotball-EM: Uttaleguide

Sporten og spåkkontakt Geirmund har laga denne uttaleguiden til fotball-EM. Dersom du veit noko som gjeld uttale og fotball-EM  som burde ha vore med på lista, så tek du kontakt med Geirmund. Gruppe A Frankrike: Kjelde: Merete Jansen, perm frå NRK Dagsnytt, nå i NRKJ. Trykkmarkering i versalar. Fint om vi kan unngå engelsk uttale på f.eks.Pogba. Målvakter: Hugo Lloris…

Uttale av namn

Vi prøver å uttala namn slik som den som eig namnet, eller dei som bur ein stad, uttalar namna. Unnatak: Nokre namn har ein så innarbeidd uttale at vi skapar større forvirring enn forståing om vi endrar uttalemåte. I slike tilfelle held vi oss til vanleg norsk seiemåte.