Hopp til innhaldet

Uttrykk vi snublar i

I farten hender det at ord og faste uttrykk kjem litt skeivt ut. Vi blandar rett og slett saman fleire uttrykk. Døme 1: Utarte betyr at noko utviklar seg til noko verre. Noko kan utarte, men det utartar seg aldri.  Vi kan derimot seia at demonstrasjonen utarta. Dette vert ofte blanda med Arte seg, som betyr å utvikla seg eller ta…

Elev eller student?

Av og til bruker vi feil nemning på dei vi snakkar om. Eitt døme er at vi blandar elevar og studentar. Ein elev er ein person som går på barne-, ungdoms- eller vidaregåande skule. Ein student er ein person som studerer ved ein høgskule eller eit universitet. Til dømes er det tidlegare studentar ved Westerdals som krev å få tilbakebetalt…

Stor og små bokstavar

Når du set saman eit samnamn og eit særnamn (eigennamn) og særnamnet kjem sist, skal det vera bindestrek mellom dei to ledda, og begge orda skal ha stor bokstav. Distrikts-Noreg, Skule-Noreg, Sør-Noreg. Når du set saman eit særnamn og eit samnamn: særnamnet kjem først og dette framstår som eit særnamn, så skal orda skrivast saman og ha stor førebokstav: Oslomarka,…

Språkdrypp fra Dagsnytt i april

Dagsnytts språkdrypp i april: ** Familien til 13-åringen som døde i Valdres ber oss slutte å bruke formuleringen "ble funnet død." De mener det gir inntrykk av at politiet brøt seg inn og fant henne. Moren var sammen med 13-åringen og var den som ringte politiet. Si heller "13-åringen som døde på en hytte i Valdres nyttårsaften." ** Noen av…

Panamadokumenta

Prosjektet Panama papers har leke fleire millionar dokument som avslører rolla skatteparadisa speler i den globale finansmarknaden.  NRK kallar det internasjonale prosjektet panama papers.  Mange mediehus har landa på bruka Panama-papira når dei skriv om innhaldet og avsløringane i lekasjane.  NRK prøver å unngå anglisismar, så sjølv om bokstavrim fungerer godt, vil vi i hovudsak bruka panamadokumenta på norsk.

NRK bruker norske ord

Språkreglane våre seier at NRK, i størst mogleg grad, skal velja norske ord og uttrykk. Mange ord og uttrykk kjem inn i norsk frå andre språk, samstundes vert det også laga norske ord for dei same orda og uttrykka. NRK har eit særleg ansvar for norsk, og bør difor vera tidleg ute med å ta i bruk nye, norske ord. Til…

Språkdrypp fra Dagsnytt i mars

Her er månedens pålegg fra språkkontaktene i Dagsnytt, brudd blir straffet med buksevann: - La oss luke bort uttrykket 'per nå'! Det brukes mye av politiet, og nå er det i ferd med å spre seg hitover. Finn andre alternativer, f.eks. 'nå'. - Vi skal også unngå 'barnebrud'. Skriv om (til f.eks. 'jenter i barneekteskap'). - Ikke si 'falske' asylsøkere…

«» og genitivs-s

Når du skriv ein tittel, som ein programtittel, så skal den ofte stå i hermeteikn. Som programmet "Newton". Dersom du skal hengja på ein genitivs-s etter programtittelen, så skal s-en plasserast etter det siste hermeteiknet. Til dømes som i "Newton"s populære serie om [...]

Syria – våpenkvile eller våpenstillstand?

Kva kallar me situasjonen i Syria no. Er det våpenkvile, slik me stort sett har sagt, eller er det våpenstillstand, slik UD seier? a)  Her er det mykje politikk med i biletet. UD seier fylgjande om det formelle rundt korleis dei vel å ordleggja seg i denne saka: Våpenstillstand er mindre forpliktende en våpenhvile. Brende brukte våpenstillstand om Syria fordi den…

Uttale av høgsterettsjustitiarius

Justitiarius skal uttalast /justi(t)sia´rius/, altså med ein s midt i. Kjelder: Bokmåls- og nynorskordboka og Norsk uttaleordbok.