Nepal
Landet heiter Nepal og hovudstaden Katmandu (utan h). Ein person frå Nepal heiter: ein nepalar, nepalaren, nepalarar, nepalarane på nynorsk en nepaler, nepaleren, nepalere, nepalerne på bokmål
Landet heiter Nepal og hovudstaden Katmandu (utan h). Ein person frå Nepal heiter: ein nepalar, nepalaren, nepalarar, nepalarane på nynorsk en nepaler, nepaleren, nepalere, nepalerne på bokmål
Jabhat Al Nusra, er Al Qaida sin organisasjon i Syria. Bakgrunn: Nusra er ikkje eit særnamn, men det betyr støtte/hjelp. Når me skriv Nusra-fronten så omset me berre halve namnet. Det vert som om me skulle ha skrive Det kvite house for Det kvite huset, eller Den islamske dawla for terrororganisasjonen Den islamske staten, skriv språkansvarleg i ei av riksavisene til meg.…
Kva kallar me det som har med vindkraft å gjera? Teiknar me eit finare og meir uskuldig bilete når me snakkar om ein vindmølleparkar enn me gjer når me snakkar om eit vindkraftanlegg? Kva ser folk føre seg når me snakkar om vindmøller? Små, nederlandske møller frå 1700-talet eller moderne turbinar med rotorblad opp mot 60 meter? Og er det…
NRK har valt å tona ned "mulla"-tittelen når vi snakkar om Krekar, utan å kutta tittelen heilt. Samstundes prøver vi å få inn namnet hans, Najumuddin Faraj Ahmad, og legg til «som han eigentleg heiter»-formuleringar i alle saker og innslag. Det treng ikkje å vera i fyrstesetninga, og vi må ikkje overdriva dette. Mulla er ein islamsk ærestittel, og vi…
NRK skal fylgja Språkrådet mellom anna når det gjeld korleis me skriv og uttalar stadnamn, jf. punkt 1.4 i språkreglane. Difor skriv vi namnet på landområdet i Antarktis slik: Dronning Mauds land.
Politikarane diskuterer om det skal verta eit forbod mot tigging, og om det skal verta ulovleg å hjelpa tiggarar. Hugs at det er stor skilnad på eit tiggeforbod og eit tiggarforbod!
NRK følger anbefalingene fra de tre sametingene i Norge, Sverige og Finland, samt Samerådet, om å kalle dagen for samenes nasjonaldag. Offisiell norsk har to likestilte benevnelser: samenes nasjonaldag og samefolkets dag. Vi følger også i år anbefalingene fra de tre sametingene, men legg gjerne til at dagen også kalles samefolkets dag. Vennlig hilsen Morten Ruud, NRK Finnmark, Nils Johan…
Denne sida er berre synleg for NRK-tilsette. Du må vere innanfor NRK-nettverket for å sjå sida.
Vi bruker dei ukrainske namna på byar og stader i Ukraina, med fylgjande unnatak: Kiev og Odessa. Der bruker vi innarbeidd uttale og skrivemåte.