Hopp til innhaldet

Kollapse vs rase saman

Eksplosjonane i Kina gjorde store øydeleggingar. Når me fortel om dette er det verd å hugse at hus rasar saman, dei kollapsar ikkje. På norsk betyr kollaps: lekamleg eller psykisk samanbrot (Bokmåls- og nynorskordboka). Det er heller ikkje noko ulempe å bruke nære, norske ord når me skal fortelje om alvorlege hendingar som råkar vanlege folk.

Air Baltic

Skal det vera stor eller liten forbokstav? Flyselskapet heiter A/S Air Baltic Corporation, og brukar airBaltic i logo og marknadsføring. Me bør halda oss til ein skrivemåte og skal skriva Air Baltic når me omtalar selskapet. Det er same praksis som NTB også har landa på.  

Slik bruker vi dialekt i NRK

I juni vedtok kringkastingssjefens redaktørmøte retningsliner for dialekbruk og -røkt i NRK. Desse skal gjera det enklare å vera dialektbrukar i NRK, og det skal gjera det enklare å gje dialektbrukarane i NRK språkleg rettleiing. Retningslinene gjeld alle som bruker dialekt i NRK. Desse er eit tillegg til språkreglane, som gjeld alle tilsette i NRK. Her kan du lesa meir…

Hiroshima

NRK uttalar Hiroshima slik det vanlegvis vert gjort på norsk, med eit svakt trykk på /shi/. I japansk brukar ein ikkje trykk, slik me gjer på norsk og engelsk. Mange synest det er vanskeleg å få til, sidan skiljet mellom lette og tunge stavingar er viktig på norsk. I japansk er derimot tonema viktige. I norsk ser me dette når me…

Lesbos eller Lesvos?

På norsk skal namnet på denne øya skrivast Lesvos. Tidlegare var offisiell skrivemåte Lesbos. Språkrådet tilrår at vi uttaler namnet med v, altså /lesvos/. Ein person frå Lesvos er ein: - lesvar (nynorsk) - lesver (bokmål) Og noko som kjem frå Lesvos er lesvisk  

Stum g i tyrkiske namn

På tyrkisk er bokstaven g, som vert skriven ğ på tyrkisk, stum. Bokstaven viser at vokalen som står framfor blir forlenga. Det er greitt å hugsa på i namn som Erdoğan og Davotoğlu. På norsk skriv me Erdogan og Davotoglu. Du kan høyra korleis namna skal uttalast om du klikkar på lenkjene over.    

Namn i den danske valkampen

Eg har fått fleire spørsmål om korleis vi skal uttala namna på nokre danske politikarar i samband med valet. Her er svara så langt. Helle Thorning-Schmidt: Thorning skal uttalast med ein rein o, og i-en meir i retning av ein e: /torneng/. I-en er ein mellomting mellom e og i. Schmidt skal uttalast som /smitt/ på norsk.  Må ikkje forvekslast…

Homofil og lesbisk

Ver varsam når du brukar ord som homse og lesbe. Mange oppfattar dette som støytande. Bruk heller homofil og lesbisk. I ordlista kan du lese meir om homsar og lesber.

Overgrepssaken i Tromsø

Vi omtaler saken som svært grove seksuelle overgrep mot barn.  Lovparagrafen omhandler gjentatte overgrep mot barn under 10 år og har en strafferamme på 21 års fengsel. I denne saken er det barn mellom fire og seks år som har vært utsatt for overgrepene og mannen er siktet for 11 tilfeller av overgrep.  Slik har vi omtalt overgrepene så langt:…

Tek på seg ansvaret, skulda eller står bak?

Ofte melder me at "N.N. tek på seg ansvaret for" ei terrorhandling. Det får me reaksjonar på. Ein terrorist eller ei terrorgruppe tek ikkje ansvar for ei handling eller eit åtak når dei tek livet av sivile og uskuldige menneske. Dei står bak handlinga eller tek på seg skulda for handlinga. For å unngå å rota med ansvar og skuld,…