23. april 2019I jakta på den effektive formidlinga, blir me av og til blinde for dei signala ein merkelapp eller ei skildring kan ha med seg. Borna som er fødde i IS-styrte område, eller som har IS-medlemer til foreldre, skal ikkje lastast for det foreldra har gjort og står for. Me let born vera born, uavhengig av foreldra, og difor skal me…
7. mars 2019Vi brukar svenske bokstavar i svenske stadnamn, sjølv om vi skriv norsk. Det betyr at vi skriv Göteborg og Östersund. Dette er nedfelt i språkreglane våre. Der står det: «Person- og stadnamn, tal og teikn skal skrivast og uttalast i samsvar med reglar og råd som er godkjende av Språkrådet.» Språkrådet har laga ei nyttig liste over korleis me skriv utanlandske…
12. februar 2019Den store kjærleiksdagen 14. februar vert kalla valentinsdag eller valentinsdagen på norsk. Dagen går også under namn som dagen for alle hjarte, alle hjerters dag eller dagen for kjærleik. I NRK brukar vi dei norske namna på dagen. Meir om korleis namnet på dagen vert skrive, historia bak dagen osb. kan du lesa hos Språkrådet.
22. januar 2019Tysdag 22. januar presenterer statsminister Erna Solberg nye statsrådar, og utvidar regjeringa. Regjeringa er altså den same, men får frå tre til fire parti. På Granavolden gjæstgiveri på Granavollen forhandla dei fire partia fram ei politisk plattform. Denne har regjeringa gjeve namn etter gjestehuset, altså Granavolden-plattforma. Etter kvart leverer statsministeren og den utvida regjeringa ein tekst til Stortinget om korleis dei…
4. juni 2018Acer er namnet på Eu sitt energibyrå. På norsk skal dette uttalast /aser/.
4. juni 2018I 2017 vart Den internasjonale kampanjen mot atomvåpen, Ican, tildelt Nobels fredspris. På norsk skal forkortinga uttalast /ikan/.
4. juni 2018Språkreglane i NRK blei forma ut i ei tid der vi først og fremst var eit radio- og TV-hus. Vi har gode reglar for uttale og munnleg språk, men få køyrereglar for teiknsetting og skrive språk. Britiske BBC, svenske TT og norske NTB har alle nærare definerte reglar for teiknsetting, tal, forkortingar og liknande. I fråværet av nedfelte reglar har…
1. september 2016Språkrådet tilrår at vi skriv brexit med liten b, sidan det ikkje er eit særnamn. Meir om dette på nettsidene til sprakradet.no
10. juni 2016Sporten og spåkkontakt Geirmund har laga denne uttaleguiden til fotball-EM. Dersom du veit noko som gjeld uttale og fotball-EM som burde ha vore med på lista, så tek du kontakt med Geirmund. Gruppe A Frankrike: Kjelde: Merete Jansen, perm frå NRK Dagsnytt, nå i NRKJ. Trykkmarkering i versalar. Fint om vi kan unngå engelsk uttale på f.eks.Pogba. Målvakter: Hugo Lloris…
10. juni 2016Vi prøver å uttala namn slik som den som eig namnet, eller dei som bur ein stad, uttalar namna. Unnatak: Nokre namn har ein så innarbeidd uttale at vi skapar større forvirring enn forståing om vi endrar uttalemåte. I slike tilfelle held vi oss til vanleg norsk seiemåte.