Hopp til innhaldet

Mikrokefali

Mikrokefali: Born som vert fødde med ekstremt lite hovud med tilsvarande liten hjerne. Det vert skrive ein del om dette i samband med zika-viruset, og tilstanden dukkar opp med ulike skrivemåtar både hjå NRK og andre. T.d. microcefali, microkefali, mikrokefali, mikrocefali. Vi skriv mikrokefali. Me skriv også zikavirus og zikafeber, utan bindestrek.

Uttale av Uber

Uber er eit namn som ofte kjem opp når me snakkar om delingsøkonomi. Mange har vore usikre på korleis namnet skal uttalast. Difor har me sagt både /uber/ og /yber/. Selskapet sjølv seier at namnet deira skal uttalast /uber/, så då gjer me det. Språkrådet har også gjeve råd om korleis Uber skal uttalast.

Språkdrypp fra Dagsnytt i januar

Her kommer månedens språkdrypp fra Dagsnytt: Først til verbet 'adressere' og substantivet 'adresse': Pass på å bruke 'adressere' riktig. På norsk betyr verbet som regel å sette navn og adresse på et brev. Flere og flere bruker det i betydningen å 'ta stilling til' eller 'sette på dagsorden'. Som i 'dette er noe politikerne må adressere'. Si heller 'dette er…

Uttale av namnet Circle K

Statoil-stasjonane får nytt namn; Circle K, men korleis skal det uttalast? Kjeda seier sjølv at dei heiter /sørkl kej/, så då kallar me dei det.  

Språkbrev til alle i NRK Telemark, januar 2016

Språkbrev til alle i NRK Telemark. Datert 5. januar: Det nye politidistriktet er en realitet: Sør-Øst politidistrikt. Politimesteren er Christine Fossen. Rita Kilvær er fungerende leder for politiet i Telemark.   Språkkontaktene i Vestfold, Buskerud og Telemark har snakka sammen om hvordan vi skal omtale politiet etter 1. januar. Vi går for det enkle. Det er stort sett det beste.…

Nye namn på politidistrikta

Etter omorganiseringa i politiet har politidistrikta fått nye namn og nye hovudsete. Alle offentlege etatar og organ har namn både på bokmål og nynorsk. Det er to av dei nye politidistrikta som vil ha jamstelte namn. Politidistrikta i Noreg heiter no: Finnmark politidistrikt Troms politidistrikt Nordland politidistrikt Trøndelag politidistrikt Møre og Romsdal politidistrikt Vest politidistrikt Sør-Vest politidistrikt Agder politidistrikt Sør-Aust…

Alan Kurdi, ikkje Aylan

Alle hugsar bileta av den vesle guten som som låg død på ei strand i haust i Tyrkia. Han som vart eit symbol på flyktningkrisa og den farlege ferda over til Europa. Pressa har lenge skrive namnet han Aylan. Namnet vart skrive slik då dei fyrste meldingane om kven han var kom, men det er ikkje heilt rett. Rett skrivemåte…

Den tunisiske dialogkvartetten

Det er straks klart for utdelinga av Nobels fredspris, men korleis skriv me namnet på dei som får prisen? Det er ei gruppering som får prisen. Vanlegvis brtyr det at ein skriv namnet på grupperinga med liten forbokstav. Men namnet ber preg av å vera eit særnamn. Regelen er at når eit namn (Vegvesenet, av Statens vegvesen) ber preg av å…

Ord og uttrykk om flyktningar

Det er ikkje alltid så lett å vita kva ein skal kalla dei som no kjem til Noreg med ynske om å få bli her. Omgrepa vert ofte brukte om kvarandre. Av og til gjer ikkje det noko, medan andre gonger risikerer me rett og slett å gjera feil. Uansett, slike saker krev at me tenkjer oss godt om når…

Stor eller liten forbokstav?

Når namn vert forkorta skal kortversjonen har stor forbokstav når kortforma framleis har særnamnskarakter. Det vil seia at kortforma av Statens vegvesen vert skriven Vegvesenet. Det heiter også Husbanken (Den Norske Stats Husbank), Folkehelsa (Folkehelseinstituttet) og Pensjonskassa/Pensjonskassen (Statens pensjonskasse). Samfunnsinstitusjonar som ikkje er statsorgan eller administrative einingar får liten forbokstav i kortversjonen av namnet. Det heiter til dømes: skatteetaten: Dette…