Hopp til innhaldet

Uttale av høgsterettsjustitiarius

Justitiarius skal uttalast /justi(t)sia´rius/, altså med ein s midt i. Kjelder: Bokmåls- og nynorskordboka og Norsk uttaleordbok.

Flypassasjeravgift

Skal det innførast ei ny avgift for å fly? Fram til 21. februar 2016 er ei slik avgift ute på høyring. Avgifta heiter flypassasjeravgift, og det er det vi skal kalla henne. Framlegget er å leggja i avgift på 80 kroner på kvar flybillett. Det vil seia ein fast sum som er knytt til kvar passasjer, ikkje ei avgift som er…

Elbil

Skrivemåte Språkrådet har bestemt at elbil skal skrivast utan bindestrek: Den rette skrivemåten er elbil i eitt ord utan bindestrek, altså ikkje «el-bil». Kvifor ikkje? Samansette ord skal som hovudregel skrivast samanhengande i eitt ord: elbass, elgitar, hybridbil, dieselbil, bilmotor. Du kan lesa meir om grunngjevinga på nettsidene til Språkrådet. Uttale Elbil skal uttalast med ein tydeleg e, slik at det vert…

14. februar er valentinsdagen

Den store kjærleiksdagen 14. februar vert kalla valentinsdag eller valentinsdagen på norsk. Dagen går også under namn som dagen for alle hjarte, alle hjerters dag eller dagen for kjærleik.  I NRK brukar vi dei norske namna på dagen. Meir om korleis namnet på dagen vert skrive, historia bak dagen osb. kan du lesa hos Språkrådet.

Namn på delstatar i USA – på norsk

I NRK er regelen at dersom ein delstat i USA har to ulike offisiell skrivemåtar på norsk, så vel vi den norske skrivemåten: Nord-Carolina, Sør-Carolina, Sør-Dakota og Nord-Dakota. Når det gjeld uttalen av utanlandske stadnamn, er hovudregelen at: - vi brukar innarbeidd norsk uttale: Paris, ikkje Pari' - vi uttalar dei fleste stadnamna på 'norsk': Låndån, ikkje Landn' - når…

6. februar: Samenes nasjonaldag – samefolkets dag.

NRK gjør som tidligere år og følger anbefalingene fra de tre sametingene i Norge, Sverige og Finland, samt Samerådet, om å kalle dagen for samenes nasjonaldag. Offisiell norsk har to likestilte benevnelser: samenes nasjonaldag og samefolkets dag. Vi følger også i år anbefalingene fra de tre sametingene, men legg gjerne til at dagen også kalles samefolkets dag. Vennlig hilsen Morten Ruud,…

Zikafeber og zikavirus

Zikavirus og zikafeber skriv me utan bindestrek, jf. influensavirus og gulfeber. Smitten kan føra til mikrokefali: Born som vert fødde med ekstremt lite hovud med tilsvarande liten hjerne.  

Mikrokefali

Mikrokefali: Born som vert fødde med ekstremt lite hovud med tilsvarande liten hjerne. Det vert skrive ein del om dette i samband med zika-viruset, og tilstanden dukkar opp med ulike skrivemåtar både hjå NRK og andre. T.d. microcefali, microkefali, mikrokefali, mikrocefali. Vi skriv mikrokefali. Me skriv også zikavirus og zikafeber, utan bindestrek.

Uttale av Uber

Uber er eit namn som ofte kjem opp når me snakkar om delingsøkonomi. Mange har vore usikre på korleis namnet skal uttalast. Difor har me sagt både /uber/ og /yber/. Selskapet sjølv seier at namnet deira skal uttalast /uber/, så då gjer me det. Språkrådet har også gjeve råd om korleis Uber skal uttalast.

Språkdrypp fra Dagsnytt i januar

Her kommer månedens språkdrypp fra Dagsnytt: Først til verbet 'adressere' og substantivet 'adresse': Pass på å bruke 'adressere' riktig. På norsk betyr verbet som regel å sette navn og adresse på et brev. Flere og flere bruker det i betydningen å 'ta stilling til' eller 'sette på dagsorden'. Som i 'dette er noe politikerne må adressere'. Si heller 'dette er…