Hopp til innhaldet

Nepal

Landet heiter Nepal og hovudstaden Katmandu (utan h). Ein person frå Nepal heiter: ein nepalar, nepalaren, nepalarar, nepalarane på nynorsk en nepaler, nepaleren, nepalere, nepalerne på bokmål

Jabaht Al Nusra eller Nusra-fronten?

Jabhat Al Nusra, er Al Qaida sin organisasjon i Syria. Bakgrunn: Nusra er ikkje eit særnamn, men det betyr støtte/hjelp. Når me skriv Nusra-fronten så omset me berre halve namnet. Det vert som om me skulle ha skrive Det kvite house for Det kvite huset, eller Den islamske dawla for terrororganisasjonen Den islamske staten, skriv språkansvarleg i ei av riksavisene til meg.…

Vindmøller eller -turbinar?

Kva kallar me det som har med vindkraft å gjera? Teiknar me eit finare og meir uskuldig bilete når me snakkar om ein vindmølleparkar enn me gjer når me snakkar om eit vindkraftanlegg? Kva ser folk føre seg når me snakkar om vindmøller? Små, nederlandske møller frå 1700-talet eller moderne turbinar med rotorblad opp mot 60 meter? Og er det…

Omtale av Krekar

NRK har valt å tona ned "mulla"-tittelen når vi snakkar om Krekar, utan å kutta tittelen heilt. Samstundes prøver vi å få inn namnet hans, Najumuddin Faraj Ahmad, og legg til «som han eigentleg heiter»-formuleringar i alle saker og innslag. Det treng ikkje å vera i fyrstesetninga, og vi må ikkje overdriva dette. Mulla er ein islamsk ærestittel, og vi…

Dronning Mauds land

NRK skal fylgja Språkrådet mellom anna når det gjeld korleis me skriv og uttalar stadnamn, jf. punkt 1.4 i språkreglane. Difor skriv vi namnet på landområdet i Antarktis slik: Dronning Mauds land.

Tiggeforbod

Politikarane diskuterer om det skal verta eit forbod mot tigging, og om det skal verta ulovleg å hjelpa tiggarar. Hugs at det er stor skilnad på eit tiggeforbod og eit tiggarforbod!

6. februar: Samenes nasjonaldag – samefolkets dag.

NRK følger anbefalingene fra de tre sametingene i Norge, Sverige og Finland, samt Samerådet, om å kalle dagen for samenes nasjonaldag. Offisiell norsk har to likestilte benevnelser: samenes nasjonaldag og samefolkets dag. Vi følger også i år anbefalingene fra de tre sametingene, men legg gjerne til at dagen også kalles samefolkets dag. Vennlig hilsen Morten Ruud, NRK Finnmark, Nils Johan…

Velkomen til nye språknettsider

NRK-språket, sprak.nrk.no, vart lagt ut heilt på tampen av 2014. Sidene er under utvikling, og vil bli utvida utover i 2015. NRK-språket er ei samling av retningsliner for språket i NRK + tips og råd til journalistane våre. Ordliste for munnleg språk Norsk er blant dei få europeiske språka som ikkje har ein offisiell og korrekt måte å snakke på.…